Nils Aarsæther

Forskningstema: 

Forskingsfeltet er lokalt demokrati. Kva rolle spelar kommunar for lokal velferd, samfunnsbygging, næringsutvikling - og som politisk arena? Korleis manøvrerer kommunar mellom store forventningar frå innbyggarane - og staten si forventing om forsvarleg økonomisk styring? Kva slags utviklingstendensar ser vi - og kva er svara på kommune-problemstillingar frå det etablerte politiske miljø? Dette forskingsfeltet har Aarsæther arbeidd med på komparativ basis - mellom kommunar i Norge, i dei nordiske landa, og i nordområde-samanheng, mot russiske og kanadiske kommunar.

Det er stor interesse for den nordiske modellen med ein stor velferdsstat, men ein glømmer ofte den rolla som den lokale, folkevalgte institusjonen spelar for den samla samfunnsutviklinga.  Forskinga på lokaldemokratiet og dets gjeremål kan bidra til å synleggjere både sterke og svake sider - og føre til utveksling av nyttige erfaringar på tvers av kommune- og landegrenser.

I 2009 kom Norut-rapporten "Kommunen som samfunnsutvikler" (Ringholm, Aarsæther, Nygaard og Selle) som er den første landsomfattande undersøkinga av kommuanen sitt arbeid med lokal samfunnsutvikling.

CV: 

Nils Aarsæther er professor em. i samfunnsplanlegging og kulturforståelse fra UiT Norges arktiske universitet.